Oktober, Joomla og nye utfordringar
oktober 29, 2008
Vi har vore på kurs i Joomla ein heil dag og etter denne dagen skulle vi gjerne hatt ein dag til! Vi var på kurs hos Funkweb og var særs nøgde med kurshaldar og opplegget. Seksjonar, kategoriar og modular fall fint på plass, men det vart lite tid til redaktørbiten så her må vi anten kjøpe eit kurs til eller prøve oss fram med hjelp av dokumentasjonen vi fekk med oss. Det vert nok den siste varianten vi satsar på først…
Etter kurset har vi laga ein ny struktur på nettstaden. Vi arbeider no med å få denne på plass for no er starten på Beta-versjonen lagt inn på webhotellet og det er faktisk mogeleg å søkje på www.mittnordhordland.no
På desse sidene er det førebels lite å sjå og det går nok framleis ei stund før ein kan sjå klarare korleis det vil bli! Utfordringane er mellom anna å fylle sidene med stoff, få på plass bilete, aquabrowsaren og prøve ut om strukturen fungerer som han skal. Det er og ei stor utfordring å setje av tid til å arbeide med prosjektet. Siste variant er at vi sit heime og arbeider og det er meir effektivt enn å prøve å stengje døra på biblioteksjefen sitt kontor! Vi har sett at det er viktig å setje av tid til å arbeide med nettsidene, gjere seg kjend med eit nytt verktøy og ikkje minst lage nytt stoff som skal inn på sidene. Før vi reiste på kurs hadde arbeidslaga fått til oppgåve å skrive nokre artiklar som vi kunne ta med oss og arbeide vidare med. Vi fekk med oss fine dokument noko på Power Point og noko på Word filer. Vi oppdaga at vi ikkje kan lasta inn Power Point direkte inn i Joomla, men må skilje tekst og bilete dersom det skal fungere slik vi hadde tenkt. Vi har enno ikkje prøvd ut med Wordfiler med bilete, men her må nok og tekst og bilete skiljast og lastas inn i kva sin operasjon. Dette er noko av overrakingane som kjem når vi skal setje lærdommane ut i livet.
Entry Filed under: Uncategorized. Merkelappar: arbeidstid, Joomla, kurs.
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed