Archive for mars, 2009
Kurs i Joomla!
Ragni frå fylkesbiblioteket tok på seg oppgåva å halde eit innføringskurs for oss i Joomla den 13. mars. Vi mangla diverre tre biblioteksjefar medan andre møtte med ein ekstra. Ragni ga ein kort introdusjon til Joomla, Marit hadde laga brukarnamn og passord til alle slik at vi saman kunne gå igjennom strukturen til Mitt Nordhordland.
Alle har no tilgang til backend og tilgangen vart brukt! Deltakarane suste inn og ut av sider og kikka på det eine og det andre. Etter ei stund synte det seg at sidene låste seg, det var rart! Men så kom vi på at her må ein sørge for å late att døra, dvs. lagre eller lukke når ein har vore inne i ein artikkel eller på ei side, sjølv berre for å kikke. Når fleire er inne på same side vil og sida eller artikkelen låse seg, men om vi tenkjer oss om så er dette det same som skjer når vi er inne på ein katalogpost. Arbeider ein på posten, så er den låst for andre.
Etter skrivekurset i januar hadde alle laga ein artikkel som dei no kunne legge inn. Dette var nok ein noko frustreande øving, men særs nyttig! Fleire kan no vere med å produsere stoff til nettstaden og det er eit viktig steg vidare
Add comment mars 25, 2009