Posts filed under 'Uncategorized'
Oppsummering 2008?
2008 har gått over i historia og vi bruker dagane i januar til å sjå attende på kva vi fekk gjort i fjor.
Som vi tidlegare har skrive om har vi presentert prosjektet i alle kommunane og vi har fordelt oppgåver mellom biblioteka.
Nettsida mittnordhordland.no er oppe og under arbeid. Prosjektleiarane har gått på kurs i Joomla og har fått eit visst grunnlag for å arbeide med struktur og innhald. Aquabrowsaren er ikkje på plass enno, men vi har funne ut at dei fleste kommune sidene har RSS og at vi kan søkje inn i kommunale dokument ved hjelp av X-serveren.
Skriving: Vi har hatt møte med ein representant frå Hordland fylkesbibliotek om å lage eit skrivekurs, Skriv godt på nett, dette skal gjennomførast i slutten av januar 2009.
Bilete: Vi må sjølvsagt har bilete på sidene, men her har vi eit stykke å gå før dette blir heilt bra. Vi skal ta kontakt med Nordhordland Fotoklubb om å få bruke deira bilete, men vi må og ta bilete av ulike situasjonar og hendingar på biblioteka og bruke desse.
Fordeling av oppgåver: Alle biblioteka som er med i samarbeidet har delt seg i grupper og alle har hatt eit eller fleire møte og snakka om kva dei vil gjere med “sine” område. Gruppene har kome svært ulikt i gang, men dei er i gang og då får vi håpe at vi kjem i mål.
Add comment januar 28, 2009
Oktober, Joomla og nye utfordringar
Vi har vore på kurs i Joomla ein heil dag og etter denne dagen skulle vi gjerne hatt ein dag til! Vi var på kurs hos Funkweb og var særs nøgde med kurshaldar og opplegget. Seksjonar, kategoriar og modular fall fint på plass, men det vart lite tid til redaktørbiten så her må vi anten kjøpe eit kurs til eller prøve oss fram med hjelp av dokumentasjonen vi fekk med oss. Det vert nok den siste varianten vi satsar på først…
Etter kurset har vi laga ein ny struktur på nettstaden. Vi arbeider no med å få denne på plass for no er starten på Beta-versjonen lagt inn på webhotellet og det er faktisk mogeleg å søkje på www.mittnordhordland.no
På desse sidene er det førebels lite å sjå og det går nok framleis ei stund før ein kan sjå klarare korleis det vil bli! Utfordringane er mellom anna å fylle sidene med stoff, få på plass bilete, aquabrowsaren og prøve ut om strukturen fungerer som han skal. Det er og ei stor utfordring å setje av tid til å arbeide med prosjektet. Siste variant er at vi sit heime og arbeider og det er meir effektivt enn å prøve å stengje døra på biblioteksjefen sitt kontor! Vi har sett at det er viktig å setje av tid til å arbeide med nettsidene, gjere seg kjend med eit nytt verktøy og ikkje minst lage nytt stoff som skal inn på sidene. Før vi reiste på kurs hadde arbeidslaga fått til oppgåve å skrive nokre artiklar som vi kunne ta med oss og arbeide vidare med. Vi fekk med oss fine dokument noko på Power Point og noko på Word filer. Vi oppdaga at vi ikkje kan lasta inn Power Point direkte inn i Joomla, men må skilje tekst og bilete dersom det skal fungere slik vi hadde tenkt. Vi har enno ikkje prøvd ut med Wordfiler med bilete, men her må nok og tekst og bilete skiljast og lastas inn i kva sin operasjon. Dette er noko av overrakingane som kjem når vi skal setje lærdommane ut i livet.
Add comment oktober 29, 2008
Etter ferien
Vi har langsomt begynt å kome i gang etter ferien og i midten av oktober reisar Marit og Bente på kurs til Oslo for å lære meir om Joomla. Det vert spannande å finne ut av korleis vi betre kan utnytte sidene som Trung har laga til oss. I midten av august fekk vi ei skremande melding frå Joomla Noreg! Det hadde snike seg inn eit virus under arbeidet med ein ny versjon og plutseleg var vår vakre side forvandla til eit svart uhyre med raud skrift der det stod: Impossible is nothing! Joomla Noreg sende ut oppmoding om å skifte til nyaste versjon, men med ei slik melding kom vår manglande kunnskap altfor tydeleg til syne! Vi må ha kurs og full opplæring snarast.
Add comment september 23, 2008
Joomla og domene
Vi har nå bestemt at vi skal bruke Joomla som publiseringsverktøy. Vi har vurdert Acos, men etter å ha tenkt igjennom kor mykje hjelp vi kan få frå dei som er involverte i kommunane, har vi kome fram til at vi bør bruke system som er frie og som vi vonar lett kan kommunisere med Aleph.
Domenenamnet mittnordhordland.no er kjøpt og vi ventar no på plass på Hordaland fylke sin servar. Når dette er på plass skal vi starte ei intensiv snekring på sidene våre.
Add comment mai 2, 2008
Kommunereisene
Vi har starta rundreisane til kommunane for å presentere prosjektet for kommuneleiinga. Vi reiste først til Radøy, kommunen som har arbeidd mykje med sine nettsider og har tenkt på både utsjånad og funksjonalitet. Det var eit nyttig møte og vi diskuterte fleire sider ved prosjektet som både kommunane og prosjektet i seg sjølv bør ta omsyn til. Målet er å besøke alle kommunane i løpet av april, noko som krev innsats både frå bibliotek, kommuneleiing og prosjektansvarlege!
Add comment mars 20, 2008
Mitt Nordhordland – eit nettside prosjekt
Dette er biblioteka i Nordhordland sitt første steg på vegen til å etablere ei ny felles nettside for regionen.
Add comment januar 10, 2008