Innlegg merkaMasfjorden

Arbeidsgruppa Barn & Unge er i gang!

21. mai hadde vi møte med arbeidsgruppa for Barn & Unge og gjekk igjennom nettstaden som ein heilskapleg struktur og ikkje minst kva som kan gjerast på området Barn & Unge. Og straks sette dei i gang! Gruppa har hatt to møte og har laga ei skisse for sidene for Barn og ei side for Ungdom. Desse sidene skal gruppa arbeide vidare med etter sommarferien og dei ventar no på gode innspel frå prosjektleiarane og andre som ser på planane. Gruppa for Kultur skal ha eit møte tidleg i august og vi venter spent på kva dei vil gjere. Prosjektleiarane skal ta mot til seg og kaste seg ut i Joomla-arbeid. Men først skal det vere litt ferie….

Add comment juni 27, 2008

Problemstillingar frå nokre av kommunebesøka

Vi har nesten fullført besøk i alle kommunane i biblioteksamarbeidet. For å hjelpe oss sjølve til å systematisere kva som er kome fram under samtalene med rådmenn, einingsleiarar, IKT-folk og biblioteksjefar har vi laga ein presentasjon.

Problema som fleire peikar på er kommunikasjon mellom dei ulike systema og om vi verkeleg trur vi skal få lag og organisasjonar til å bruke Kulturkalenderen! Dette og andre område er problemstillingar vi skal ta med oss i det vidare arbeidet.

Add comment april 16, 2008


 

november 2009
M T W T F S S
« Oct    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

Arkiv

Meta

Merkelappar

Aquabrowsar arbeidstid Austrheim Barn Fedje Joomla Kommunar kurs Masfjorden nettstad Radøy skriving Ungdom

Siste kommentarar