Oktober 2009 – og enno er det langt fram…

Biblioteka i Nordhordland har kjempa seg gjennom fleire skrivesperrer, innleggingsvegring og sommarferien. Det siste gjekk utruleg bra, men det er ikkje lett å motivere seg sjølv og andre til å arbeide med nettstaden når vesentlege ting manglar. Siste posting viste til at vi hadde vore på kurs på fylkesbiblioteket for å gje alle ei innføring i å legge inn og ikkje minst, skrive tekstar som kunne brukast på sidene. Frå slutten av mars og fram til sommarferien har vi arbeidd med å få stoff ut på sidene. Prosjektgruppa ved Marit og Bente har oppmoda dei andre gruppene til å vere med i ei redaksjonsgruppe. Dette har til no berre resultert i to møte, men der fekk vi satt opp ein plan for produksjon av stoff, når dette skulle leggjast ut og kven som var ansvarleg. På møtet på Bjørnefjorden i august var alle bidraga lagt ut på sidene og vi (sju biblioteksjefar) gjekk igjennom desse og kom med synspunkt på korleis tekstene burde framstå. Vi hadde og ein ny gjennomgang av korleis vi legger ut stoff på sidene og ein presentasjon av bruk av vår interne wiki. Vi gjekk igjennom sidene slik dei ser ut i dag og det kom fram sterke synspunkt på bruk av kommunevåpen og fargepalett. Prosjektgruppa har skrive ein e-post til BS om dette.

Arbeidsgruppene: prosjektgruppa var i utgangspunktet svært oppglødd over at vi hadde delt inn alle biblioteksjefane i ulike arbeidsgrupper. Dette har fungert veldig bra for Barn & Unge gruppa, heilt greitt for IKT –gruppa og heller dårleg for Kulturgruppa. Det er fleire grunnar til at Kulturgruppa ikkje har fungert slik vi ønskte, men det ser no ut til at det er eit større problem med inndeling i grupper. For: – gruppene blir så fokusert på kva dei skal gjere og korleis ”deira” sider skal sjå ut, slik at heilskapen for korleis nettstaden skal fungere forsvinner eller gløymast i alt arbeidet med å halde eigen tempoplan. Dette hadde vi trudd skulle ordnast ved å opprette ein redaksjon, men møta i redaksjonen vert ikkje prioritert og vi er no på eit vis tilbake ved start. Førebels ser vi inga løysing på dette, men denne saka må sjølvsagt diskuterast vidare med biblioteksjefane i løpet av hausten.

Ein annan og svært ottefull sak er at Aquabrowsaren ikkje er installert og slik saka står per i dag veit vi ikkje om den vil bli det heller. Problemet er å få Aquabrowsaren til å fungere saman med Aleph. Saka må løysast av BS/Bibits/leverandør. Før vi veit om dette kan løysast på ein tilfredsstillande måte er det vanskeleg å motivere til vidare arbeid.

oktober 9, 2009 at 1:15 pm Kommenter innlegget

Kurs i Joomla!

Ragni frå fylkesbiblioteket tok på seg oppgåva å halde eit innføringskurs for oss i Joomla den 13. mars. Vi mangla diverre tre biblioteksjefar medan andre møtte med ein ekstra. Ragni ga ein kort introdusjon til Joomla,  Marit hadde laga brukarnamn og passord til alle slik at vi saman kunne gå igjennom strukturen til Mitt Nordhordland.

Alle har no tilgang til backend og tilgangen vart brukt! Deltakarane suste inn og ut av sider og kikka på det eine og det andre. Etter ei stund synte det seg at sidene låste seg, det var rart! Men så kom vi på at her må ein sørge for å late att døra, dvs. lagre eller lukke når ein har vore inne i ein artikkel eller på ei side, sjølv berre for å kikke. Når fleire er inne på same side vil og sida eller artikkelen låse seg, men om vi tenkjer oss om så er dette det same som skjer når vi er inne på ein katalogpost. Arbeider ein på posten, så er den låst for andre.

Etter skrivekurset i januar hadde alle laga ein artikkel som dei no kunne legge inn. Dette var nok ein noko frustreande øving, men særs nyttig! Fleire kan no vere med å produsere stoff til nettstaden og det er eit viktig steg vidare

mars 25, 2009 at 2:30 pm Kommenter innlegget

Skrivekurs, del 1

I går var alle biblioteksjefane og tre andre bibliotektilsette med på kurs om å skrive på nett. Kurset vart halde av Ragni Serina Zlotos på fylkesbiblioteket og Thomas Brevik frå Sjøkrigsskulen. Dei har lagt ut sine foredrag her slik at alle kan ta ein ny tur og sjekke gode tips og nye lenker.

Det viktigaste med dette kurset synest i dag, dagen etter, var at vi fekk stilt ei rekkje spørsmål om nettstaden. Oppdage kor mange avgjersler som må takast og oppdage litt meir om kva som er/ kan vere oppgåva til denne nettstaden. Eit er sikkert vi har MYKJE arbeid foran oss!

januar 28, 2009 at 9:38 am Kommenter innlegget

Oppsummering 2008?

2008 har gått over i historia og vi bruker dagane i januar til å sjå attende på kva vi fekk gjort i fjor.

Som vi tidlegare har skrive om har vi presentert prosjektet i alle kommunane og vi har fordelt oppgåver mellom biblioteka.

Nettsida mittnordhordland.no er oppe og under arbeid. Prosjektleiarane har gått på kurs i Joomla og har fått eit visst grunnlag for å arbeide med struktur og innhald.  Aquabrowsaren er ikkje på plass enno, men vi har funne ut at dei fleste kommune sidene har RSS og at vi kan søkje inn i kommunale dokument ved hjelp av X-serveren.

Skriving: Vi har hatt møte med ein representant frå Hordland fylkesbibliotek om å lage eit skrivekurs, Skriv godt på nett, dette skal gjennomførast i slutten av januar 2009.

Bilete: Vi må sjølvsagt har bilete på sidene, men her har vi eit stykke å gå før dette blir heilt bra. Vi skal ta kontakt med Nordhordland Fotoklubb om å få bruke deira bilete, men vi må og ta bilete av ulike situasjonar og hendingar på biblioteka og bruke desse.

Fordeling av oppgåver: Alle biblioteka som er med i samarbeidet har delt seg i grupper og alle har hatt eit eller fleire møte og snakka om kva dei vil gjere med “sine” område. Gruppene har kome svært ulikt i gang, men dei er i gang og då får vi håpe at vi kjem i mål.

januar 28, 2009 at 9:21 am Kommenter innlegget

Oktober, Joomla og nye utfordringar

Vi har vore på kurs i Joomla ein heil dag og etter denne dagen skulle vi gjerne hatt ein dag til! Vi var på kurs hos Funkweb og var særs nøgde med kurshaldar og opplegget. Seksjonar, kategoriar og modular fall fint på plass, men det vart lite tid til redaktørbiten så her må vi anten kjøpe eit kurs til eller prøve oss fram med hjelp av dokumentasjonen vi fekk med oss. Det vert nok den siste varianten vi satsar på først…

Etter kurset har vi laga ein ny struktur på nettstaden. Vi arbeider no med å få denne på plass for no er starten på Beta-versjonen lagt inn på webhotellet og det er faktisk mogeleg å søkje på www.mittnordhordland.no

På desse sidene er det førebels lite å sjå og det går nok framleis ei stund før ein kan sjå klarare korleis det vil bli! Utfordringane er mellom anna å fylle sidene med stoff, få på plass bilete, aquabrowsaren og prøve ut om strukturen fungerer som han skal. Det er og ei stor utfordring å setje av tid til å arbeide med prosjektet. Siste variant er at vi sit heime og arbeider og det er meir effektivt enn å prøve å stengje døra på biblioteksjefen sitt kontor! Vi har sett at det er viktig å setje av tid til å arbeide med nettsidene, gjere seg kjend med eit nytt verktøy og ikkje minst lage nytt stoff som skal inn på sidene. Før vi reiste på kurs hadde arbeidslaga fått til oppgåve å skrive nokre artiklar som vi kunne ta med oss og arbeide vidare med. Vi fekk med oss fine dokument noko på Power Point og noko på Word filer. Vi oppdaga at vi ikkje kan lasta inn Power Point direkte inn i Joomla, men må skilje tekst og bilete dersom det skal fungere slik vi hadde tenkt. Vi har enno ikkje prøvd ut med Wordfiler med bilete, men her må nok og tekst og bilete skiljast og lastas inn i kva sin operasjon. Dette er noko av overrakingane som kjem når vi skal setje lærdommane ut i livet.

oktober 29, 2008 at 10:55 am Kommenter innlegget

Etter ferien

Vi har langsomt begynt å kome i gang etter ferien og i midten av oktober reisar Marit og Bente på kurs til Oslo for å lære meir om Joomla. Det vert spannande å finne ut av korleis vi betre kan utnytte sidene som Trung har laga til oss. I midten av august fekk vi ei skremande melding frå Joomla Noreg! Det hadde snike seg inn eit virus under arbeidet med ein ny versjon og plutseleg var vår vakre side forvandla til eit svart uhyre med raud skrift der det stod: Impossible is nothing! Joomla Noreg sende ut oppmoding om å skifte til nyaste versjon, men med ei slik melding kom vår manglande kunnskap altfor tydeleg til syne! Vi må ha kurs og full opplæring snarast.

september 23, 2008 at 11:38 am Kommenter innlegget

Arbeidsgruppa Barn & Unge er i gang!

21. mai hadde vi møte med arbeidsgruppa for Barn & Unge og gjekk igjennom nettstaden som ein heilskapleg struktur og ikkje minst kva som kan gjerast på området Barn & Unge. Og straks sette dei i gang! Gruppa har hatt to møte og har laga ei skisse for sidene for Barn og ei side for Ungdom. Desse sidene skal gruppa arbeide vidare med etter sommarferien og dei ventar no på gode innspel frå prosjektleiarane og andre som ser på planane. Gruppa for Kultur skal ha eit møte tidleg i august og vi venter spent på kva dei vil gjere. Prosjektleiarane skal ta mot til seg og kaste seg ut i Joomla-arbeid. Men først skal det vere litt ferie….

juni 27, 2008 at 8:29 am Kommenter innlegget

Eldre innlegg


februar 2017
M T W T F S S
« Okt    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728  

Siste kommentarar